We have for several years dreamt of sailing from Norway to the Caribbean. We are now on our way in our little ship "Bonanza", and we'll keep you updated on this page.

7.19.2005

Turen er i gang

Då har me kome til det store utland. Til forskjell frå i Noreg høljeregner det her. Skulle du vere i tvil om kva med meiner med det store utland nett no, kan eg informere om at me er i Skagen, Danmark. Me kom hit mandag 2000 etter ei rolig natt over Skagerak. Eller rettare sagt, det var lite vind, men meir enn nok støy. Det skal bli spanande å sjå om det går ann å vende seg til alle desse lydane som kjem når me seiler ligg på sjøen i vindstilla.

Dei andre har nå gått for å spise is, medan eg vart sendt for å oppdatere nettsidene. Ryktene seier at det er ei usedvanlig smuk dansk pige som er raus med guffen. Ellers må ein vel kunne seie at livet som seiler er godt.

Kart for Kattegat er kjøpt inn og sikringane som rauk når me hadde litt trøbbel med motoren i Grimstad har blitt erstatta. Rederiet vil rette ein stor takk til Øyvind som var som ei hjelpande hand i nøden. Kva som feila motoren har me ikkje peiling på, men Øyvind klarte å fikse det med ein lett håndspåleggelse.

I morgon går turen vidare sørover mot Sverige og etterkvart Kiel.

We have arrived in Denmark and the crossing off Skagerak went well. However we still need some training before we are able to sleep at sea with all the different sounds on a sailing boat. We are directing our noses towards Sweden now.