Mannskapet er på plass
Sidan båten var på land har det skjedd mykje nytt på båten.
- I starten på Juni var Hansi og Arild på båten og installerte vasstankar og nye batteri.
- Targabøylen som David designa er på plass (bilete kjem snart)
- VHF og GPS er på plass
- Ny dynamo var nesten på plass, men er nå på ein liten ferie i Stavanger.
- Heile det elektriske anlegget håper me er på plass, men er litt usikre ettersom dynamoen sa takk for seg og ville til heim att ein liten tur...
- Nett til oppbevaring av saker og ting er montert over dei fleste køyene.
- Stereoanlegget er på plass og er testa ut. Med så mykje høgtalarar tenker eg det skal bli liv når me kjem og legg til på gjestebryggene rundt omkring i Europa.
- Nødflåten har vore på ein siste sjekk før turen, seil er henta frå seilmakeren, vindgenerator og solcellepanel er nesten på plass og mykje meir som me ikkje kjem på no i farta.
0 Comments:
Write a comment to this post
<< back